REGISTRERING AV ELDRE FOTOGRAFI FRA SAMNANGER. Id-nummer:00077a-f Evt fotokortnummer fra bygdeboknemda: Motiv:Fiskeskøyter. Datering: Type materiale:s/h foto Eigar,gjevar,utlånar:Edith Kvernes Avbilda person/personar: Informant:Edith Kvernes Avbilda stad; gards- og bruksnummer:Gaupholm ved Brigtsen Fotograf: Copyright: Klausul:- Registrator:Anna Holemfjord Registreringsdato:281200 Utfyllande opplysningar:Fiskeskøytene søkte nødhavn ved Brigtsen på Gaupholm. Her ser vi også H2FS og ein båt med ei tønne i masta. Ein ser også H188S, denne er registrert i Sund. På båten frå sund ligg ei stor sildanot eller brislingnot kveila opp. Dei trakk nota opp over rull og la henne i bukter. Når dei skulle ha nota ut att, sleppte dei henne ut på høgre sida akter, og så var det å køyra fram og svinga til høgre. Ein båt trakk ut nota bak. Dei var alltid 3 båtar i eit notalag, som samarbeidde om å få nota ut og inn att.