REGISTRERING AV ELDRE FOTOGRAFI FRA SAMNANGER. Id-nummer:00106 Evt fotokortnummer fra bygdeboknemda: Motiv:BHB Buss, ein Diamond T. Datering:1937-38 Type materiale:farge foto Eigar,gjevar,utlånar:Blåbussgaragen på Lauvskar Avbilda person/personar: Informant: Avbilda stad; gards- og bruksnummer: Fotograf: Copyright: Klausul: Registrator:Ada L. Haugen Registreringsdato:07.12.2000 Utfyllande opplysningar: I e-mail fra Tor Erik Stensvand i Fykse den 26/2-2004 fortel han: Biletet må vera henta frå ei brosjyre. Eg hugsar godt denne bussen. Det var ein Diamond T bygd som ein moderne turistbuss og innkjøpt straks føre siste verdskrigen. den hadde såkalla "solskintak" og så langt eg hugsar velurtrekk på passjerseta. Bussen fekk ikkje påmontert gassgenerator, og vart difor lite nytta i vanleg rutetrafikk dei første krigsåra. BHB hadde den gong stort sett berre Diamond T bussar, og under påskot om at det var trong for reservemotorar til busane som var i drift vart motoren i "solskinnsbussen" demontert og bussen sett bort i underetasjen på vegstasjonen på Tolo i Norheimsund der eg då budde. Eg trur dette vart gjort for å sikra seg mot at bussen skulle verta rekvirert av den tyske okupasjons -makta. Då krigen var slutt, vart bussen henta fram att og motoren montert og bussen sett inn i turistkøyring.