REGISTRERING AV ELDRE FOTOGRAFI FRA SAMNANGER. Id-nummer:00266 Evt fotokortnummer fra bygdeboknemda: Motiv:Ytre Tysse Datering:omlag 1900 Type materiale:s/h foto i album Avbilda person/personar: Informant:Sverre Sjursen Avbilda stad; gards- og bruksnummer: Fotograf:Jakob Deby Copyright: Klausul: Registrator:Tor Wold Registreringsdato:160902 Utfyllande opplysningar:For nummer på husa, sjå 00266nummerert. Ein del av opplysningane stemmer med slik det var då Sjursen vaks opp på 1920-30-talet. 22: Bestyrerbolig ["Direktørboligen"] 23: Forsamlingshus [Forsamlingshus til fabrikkarbeidarane. Kalla Buret. I 1922 vart det rive og flytta til Grønsdalen der det vart gjort om til skule og lærarbustad. Nå er det grendahus.] Huset var og bolig for portaren. Portnaren åpna porten for folk som kom og gikk frå fabrikken i arbeidstida. Da arbeidstida var starta, vart porten stengd. Alle som kom skulle leggja eit skilt med sitt navn eller nummer i ein boks og så vart tida dei kom og gikk registrert av portnaren. Kom nokom for seint, måtte dei banka på og verta registrert før dei slapp inn. Abotnes var portnar, han hadde mange barn og bygde hus i Neset på Tysse, rett nedom der vegen går opp til den gamle doktorboligen. Fleire etterkomarar etter Abotnes bur på Tysse i dag. 29: Torgils Frøland sitt sjøhus. Han var handelsmann og eigde dette og huset innafor. Det vart rive på 1990-talet. Det vart kalt Pyttahuset. 36: Torgils Frøland sitt hus, der han også drev butikk. I dag er huset pussa opp og vert leigd ut. 36a: Uthus til 36. 37: Totland sitt hus. (Her vokste Alfred Totland opp.) 38: Ole Sjursen Galland sitt hus. Han hadde uthus bak huset, med ku/kyr. Slo en jordbit oppe ved straumen der brua fra Hagaåstunellen nå kjem i land. 39: Vikørshuset. I dag eies huset av Edith Kvernes. 40: Klippen. Den siste som budde her, var Nils T. Høysæter, som døyde på 1980-talet. 41: Peder Haga budde her, han ahdde skomakerverkstad i kjellaren. Han er morfar til Peder Aldal som bur på Ytre Tysse i dag. 42: Lavikahuset, som ble kjøpt av meieribestyraren, Johan Langeland. 43: Her budde ei gamal kone som dei kalte Knuta-Lino. Huset vart rive etter krigen. Familen som budde her heitte Nilsen eller Hansen. 44-47: Naust som tilhørte Frøland og Børdalsgardane. Meieriet vart bygd der 44 er. Mons Frøland som seinare eigde 29 og 36, hadde bakeri i bygg som vart oppført på tomta der 44 og 45 sto. Alice Solberg er datter til Mons Frøland. 50: Huset vart reve. I dag eig Kjell Langeland huset som vart bygd der, Bergit Langeland budde der til på 1990-talet. Tidlegare eigde Hans Nilsen huset, han var svigerfar til meieristen, Langeland. 51: Hadelandshuset med ein liten forgang. (H.Hadeland, jernvarehandel i dag.) 52: Waagehuset